Hopp til innhold
Eit stranda portugisisk krigsskip. Foto: Andreas Schwind, Flickr.com CC BY 2.0.
Eit stranda portugisisk krigsskip. Foto: Andreas Schwind, Flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Portugisisk krigsskip

Portugisisk krigsskip er ein kolonimanet i tropiske hav. Maneten har ein gassfylt flottør med eit segl som stikk opp av vatnet, med giftige nestletrådar under.

Portugisisk krigsskip, Physalia physalis, er ein kolonimanet i tropiske hav. Han har opptil 30 m lange nesletrådar som er giftige nok til å lamme eit menneske. Maneten har ein gassfylt flottør med eit segl som stikk opp av vatnet og fører maneten framover med vinden. Maneten vippar seglet i vatnet med jamne mellomrom for å hindre at det tørkar ut. Under flottøren er nesletrådane festa. Maneten drep fisk med nestletrådane.

Sjå video (engelsk tale):

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 13.06.2017