Hopp til innhold
 Volvox. Foto: Casey Dunn, flickr.com
Volvox. Foto: Casey Dunn, flickr.com
X
Innhald

Protozoar

Protozoar er eincella dyr, urdyr, Protozoa. Dei er organismar som liknar dyr. Det finst i alt om lag 60 000 kjente artar av dei, men mange er enno ukjende.
 
Protozoar er sette saman av ei enkelt celle som utfører dei same oppgåvene som fleircella dyr. Mange protozoar er enkelt bygde, som for eksempel amøbane. Andre har utvikla eigne celleorgan, organellar, for spesielle funksjonar, for eksempel flimmerhår. Protozoar formeirar seg som oftast ukjønna, for eksempel ved to- eller mangedeling, men somme av dei har kjønnsceller.
 
Protozoar vert som oftast inndelte i fire rekkjer amøbedyr. Den eine er amøbar, foraminiferar, soldyr og radiolarium. Den andre er flagellatar, det vil seie spiroketar, trypanosom, Ceratium og Volvox. Den tredje er infusjonsdyr, det vil seie tøffeldyr, klokkedyr og Trichomonas. Den fjerde er sporedyr, det vil seie sporozoar som er parasittar. I moderne inndeling vert protozoar rekna til eit eige rike, Protista, saman med algar og slimsopp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012