Hopp til innhold
 Sandreke. Foto: joe, flickr.com
Sandreke. Foto: joe, flickr.com
X
Innhald

Reke

Reker, Caridea, er ein underorden av tifotkreps. Dei omfattar ei mengd artar. Reker har ein karakteristisk knekk på bakkroppen og sym fritt omkring. Djupvassreker, Pandalus borealis, utviklar seg først til ein hann og deretter til ei ho.
Djupvassreker vert fiska i trål, så vert dei kokte og kan etast. I Noreg går fisket etter djupvassreker føre seg langs heile kysten, særleg frå Kristiansand til Stavanger. Havfiske etter reker går mellom anna føre seg i Barentshavet, ved Jan Mayen og ved Vest-Grønland. Sandreker, Crangon crangon, som finst langs heile kysten av Noreg, er populær mat i England og Tyskland. Sjå krepsdyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012