Hopp til innhold
 Rettvengje. Foto: Bill
Rettvengje. Foto: Bill
X
Innhald

Rettvengjer

Rettvengjer, Orthoptera, er ein insektorden som omfattar om lag 20 000 artar. Av desse finn vi om lag 30 i Noreg. Rettvengjer har ufullstendig forvandling, ein kraftig bitemunn og lange bakbein. Ordenen omfattar mellom anna grashopper og sirissar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012