Hopp til innhold
X
Innhald

Sandmusling

Sandmuslingar eller sandskjel, Myidae, er ein familie av muslingar som lever nedgravne i sand- eller mudderbotn. Dei skaffar seg mat og vatn gjennom to lange pusterøyr, sifongar. Opningane til sifongane kan ein sjå på overflata. Hos oss lever to artar sandmuslingar av slekta Mya. Dei er gode matskjel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.09.2012
Sist oppdatert: 26.09.2012