Hopp til innhold
 Sekkdyr. Foto: Ria Tan, www.wildsingapore.com
Sekkdyr. Foto: Ria Tan, www.wildsingapore.com
X
Innhald

Sekkdyr

Sekkdyr, Ascidiacea, er ei klasse av kappedyr. Alle sekkdyr lever i havet. Dei vaksne dyra er fastsitjande og har ein sekkforma kropp. Han er 2—15 cm høg og har to opningar for vass-straumar. Larvene er planktoniske og har ein ryggstreng som viser slektskap med virveldyr.
 
I alt finst det om lag 2000 artar av sekkdyr, og av desse lever 65 i norske farvatn, frå fjæra og ned til fleire hundre meters djup. Sekkdyr lever av plankton og rotnande organisk materiale. Den røyrforma arten Ciona intestinalis sit ofte på bryggepålar, medan vi finn den raudlege Styela rustica på steinar i fjæra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012