Hopp til innhold
 Sikade. Foto: Mick E. Talbot, flickr.com
Sikade. Foto: Mick E. Talbot, flickr.com
X
Innhald

Sikade

Sikadar, Auchenorrhyncha, er ein underorden av insektordenen plantesugarar. Dei er små insekt som syg plantesaft. Om lag 300 artar av sikadar er funne i Noreg. Éin songsikadeart er funnen i dei sørlegaste delane av landet. Hannen har lydorgan på buken.
 
Vanleg skumsikade, Philaenus spumarius, finst i Noreg nord til Lofoten, helst på fuktige stader med grasvekst. Larva er omgitt av trollkjerringspytt, som er flytande ekskrement fylt med luftblærer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012