Hopp til innhold
 Siriss. Foto: Brian Gratwicke, flickr.
Siriss. Foto: Brian Gratwicke, flickr.
X
Innhald

Siriss

Sirissar, Gryllidae, er ein familie i insektordenen rettvengjer. Hannen lagar ein kraftig lyd ved å gni dekkvengjene mot kvarandre. Begge kjønn har høyreorgan på det fremste beinparet. Det finst vel 4000 artar av sirissar. I Noreg har vi berre hussiriss, Acheta domestic.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012