Hopp til innhold

 Foto: Isidro Martìnez, flickr.com
Foto: Isidro Martìnez, flickr.com
X
Innhald

Sjøhare

Sjøharar, Aplysiidae, er ein familie av bakgjellesniglar. Dei bakre para med følehorn minner om hareøyre. Den vanlegaste arten i Noreg, Aplysia rosea, beiter på algar. Han er utbreidd nordover til Trøndelag. Sjøharen kan verte 15 cm lang. I varme hav finst det store artar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012