Hopp til innhold

 Sjøkreps. Foto: Joachim S. Müller, flickr.com
Sjøkreps. Foto: Joachim S. Müller, flickr.com
X
Innhald

Sjøkreps

Sjøkreps eller bokstavhummar, Nephrops norvegicus, er ein raudbrun tifotkreps som er 10—17 cm lang og slank med lange klosakser. Han lever i 10—12 cm lange tunnelar som han grev i blaut botn. Sjøkreps lever av børsteormar og andre botndyr. Han finst langs heile kysten av Noreg. Det vert fanga lite sjøkreps i Noreg. Sjå krepsdyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012