Hopp til innhold

 Kråkebolle. Foto: Erik Aspden Schyberg, flickr.com
Kråkebolle. Foto: Erik Aspden Schyberg, flickr.com
X
Innhald

Sjøpiggsvin

Sjøpiggsvin, Echinoidea, også kalla kråkebolle, er ei klasse av særkjønna pigghuder med kuleforma kropp. Dei har ikkje armar, men 20 rekkjer av kalkplater med lange piggar. Ti av rekkjene har hol der sugeføtene stikk ut. Sjøpiggsvin flyttar seg ved hjelp av piggane. I alt er det kjent om lag 950 nolevande artar, og dei lever alle i havet.
 
Det finst 15 artar i norske farvatn. Dei høyrer til to underklasser. Den eine er kråkebollar eller regulære sjøpiggsvin. Dei har kalktenner og lever av algar, rur og andre smådyr. Den andre underklassa er sjømus eller irregulære sjøpiggsvin. Dei har eit eggforma omriss. Sjømus har ikkje tenner, og dei lever av organiske materiale i mudder.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012