Hopp til innhold

 Sjøpølse fotografert i Saltstraumen i Nordland. Foto: Asbjørn Hansen, flickr.com.
Sjøpølse fotografert i Saltstraumen i Nordland. Foto: Asbjørn Hansen, flickr.com.
X
Innhald

Sjøpølser

Sjøpølser, Holothurioidea, er ei klasse av pigghuder med blaut, pølseforma kropp og kalkplater i huda. Rundt munnopninga har dei greinete fangarmar. Av dei vel 1100 artane er om lag 35 funne i norske farvatn.
 
Brunpølse, Cucumaria frondosa, vert 20—30 cm lang og lever frå Vestlandet og nordover. Raudpølse, Parastichopus tremulus, vert opptil 50 cm lang og er vanleg i reketrålfangstar langs heile kysten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012