Hopp til innhold

 Sjøstjerne. Foto: Bill
Sjøstjerne. Foto: Bill
X
Innhald

Sjøstjerne

Sjøstjerner, Asteroidea, er ei klasse av pigghuder med flat, stjerneforma eller femkanta kropp og sugeføter. Mange av dei er rovdyr. Nokre kan danne ei ny stjerne frå ein enkelt arm.
 
Det finst om lag 2000 artar, av desse lever 44 i norske farvatn. Dei fleste sjøstjernene har fem armar, men solstjernene kan ha 7—16 armar. Syputa, Porania pulvillus, liknar ei tjukk, femkanta pute. Kamstjerna, Astropecten irregularis, har flate piggar på armane for å grave i mudderet. Krosstrollet, Asterias rubens, er vanleg på grunt vatn. Sjå pigghuder.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012