Hopp til innhold
 Skallus. Foto: Mike Baird, flickr.com
Skallus. Foto: Mike Baird, flickr.com
X
Innhald

Skallus

Skallus, Polyplacophora, er ei klasse av primitive blautdyr. Dei lever i havet og ser ut som små brød. Skalet er delt i åtte plater. Kroppen er oval og vert halden fast til underlaget av ein stor fot. Det finst 14 artar. Dei er som oftast 1—2 cm lange og finst langs heile kysten av Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012