Hopp til innhold
 Nashornbille. Foto: ombrosoparacloucycle, flickr.com
Nashornbille. Foto: ombrosoparacloucycle, flickr.com
X
Innhald

Skarabear

Skarabear eller torbistar, Scarabaeidae, er ein familie av biller med følarar som er bøygde i knea. Dei vaksne billene er planteetarar. Larvene lever i jorda. Det finst nærmare 28 000 artar av skarabear, og av desse er 60 funne i Noreg. Det finst tre artar av tordivlar. Larvene deira lever av gjødsel. Dei fem artane av oldenborrer har larver som et røter.
 
Nashornbilla, Oryctes nasicornis, er den største billa som lever i Noreg. Han kan verte opptil 40 mm lang. Hannen har eit horn i panna. Gullbassane, Cetonia, er metallgrøne og flyg i solskin, medan dei fleste andre er skumringsdyr. Sjå pilletrillar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012