Hopp til innhold
 Skjoldlus. Foto: Jacobo Martin, flickr.com
Skjoldlus. Foto: Jacobo Martin, flickr.com
X
Innhald

Skjoldlus

Skjoldlus, Coccidea, er ein overfamilie i insektorden plantesugarar. Det finst om lag 20 artar i Noreg. Hannen, som har eitt par vengjer, manglar hos mange artar. Hoa er vengjelaus og sit fastsogen. Ho skil ut eit sekret som stivnar til eit skjold. Under skjoldet legg ho egga. Der vert dei liggjande til hoa døyr og skjoldet fell av.
 
Hornskjoldlus finn vi i Noreg på bærbuskar. Kommaskjoldlus finst på enkelte frukttre og andre lauvtre. Lakkskjoldlusa i Søraust-Asia syg plantesaft som vert omdanna til skjellakk. Mannaskjoldlusa i Arabia og Iran lever på tamariskbuskar. Stikka hennar får plantene til å utsondre ei søt væske, manna. Skarlagenslusa i Mexico har ei raud kroppsvæske som gir fargestoffet cochenille.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012