Hopp til innhold
 Foto: bramblejungle, flickr.com
Foto: bramblejungle, flickr.com
X
Innhald

Skolopendrar

Skolopendrar, Chilopoda, er ei klasse av leddyr. Dei er langstrekte landdyr med svært mange bein som peikar ut frå sida. Det første beinparer er omdanna til kraftige giftkrokar. Skolpendrar er nattdyr som lever av små leddyr. Tropiske artar kan ta slangar og mus.
 
Av dei om lag 3000 kjende artane av skolopendrar er 24 funne i Noreg. Den vanlegaste arten i Noreg er brun steinkrypar, Lithobius forficatus. Han vert om lag 3 cm lang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012