Hopp til innhold
 Foto: Anssi Koskinen, flickr.com
Foto: Anssi Koskinen, flickr.com
X
Innhald

Snigle

Sniglar, Gastropoda, er ei klasse av blautdyr med om lag 77 000 artar inndelte i tre underklasser.

Den første er framgjellesniglar, som inneheld albogesniglar og strandsniglar. Den andre underklassa er bakgjellesniglar, som inneheld vengjesniglar og nakensniglar. Den tredje er lungesniglar, som inneheld vinbergsniglar, åkersniglar og hagesniglar. Sniglane lever på land og i vatn, dei fleste i havet. Dei har eit velutvikla hovud, spiralvridd kalkskal og ein slimete fot. Sniglane har følehorn.
 
Somme artar manglar skal, for eksempel skogsnigelen. Ein del artar er einkjønna, andre er tokjønna. Dei har ei raspetunge som dei bruker til rive i sund maten med.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 05.10.2012