Hopp til innhold
 Gransnutebille. Foto: Kari Pihlaviita, flickr.com
Gransnutebille. Foto: Kari Pihlaviita, flickr.com
X
Innhald

Snutebille

Snutebiller, Curculionidae, er ein familie av planteetande biller med forlengt, snuteforma hovud. Dei bitande munndelane sit i spissen av hovudet. Snutebilla er den største av alle insektfamiliane og dyrefamiliane.
 
Det finst om lag 57 000 artar, og av desse finn vi om lag 350 i Noreg. Fleire av snutebillene er skadeinsekt, for eksempel gransnutebille, Hylobius abietis, og jordbærsnutebille, Anthonomus rubi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012