Hopp til innhold
 Sommarfugl. Foto: @boetter, flickr.com
Sommarfugl. Foto: @boetter, flickr.com
X
Innhald

Sommarfugl

I Noreg finst fleire enn to tusen artar sommarfuglar.

Sommarfuglar, Lepidoptera, er ein insektorden med om lag 170 000 artar. I Noreg finst det om lag 2100 artar. Sommarfuglar finn vi over alt der det er vegetasjon. Hos dei fleste er munndelane omdanna til ein sugesnabel. Sommarfuglane har fire skjelkledde vengjer med eit vengjefang på 0,3—30 cm. Dei har to store fasettauge og lange antenner. Sommarfuglane har velutvikla luktesans. Dei har fullstendig forvandling. Sommarfuglar har vore kjende heilt frå triastida.
 
Det finst fleire viktige grupper og familiar av sommarfuglar. Blant desse har vi møll, mellom anna ekte møll, viklarar, mellom anna epleviklar og tresommarfuglar, mellom anna tredrepar, spinnarar og svermarar. Av desse igjen har vi mellom anna silkespinnar, tussmørkesvermar og daudinghovud. Det finst om lag 14 700 artar av dagsommarfuglar, mellom anna admiral, neslesommarfugl, apollosommarfugl, kålsommarfugl, blåvengjer og svalestjert. Vidare har vi målarar, mellom anna frostmålarar, og nattfly, bjørnespinnarar, tannspinnarar med fleire.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012