Hopp til innhold
 Spolorm. Foto: Teseum, flickr.com
Spolorm. Foto: Teseum, flickr.com
X
Innhald

Spolorm

Spolormar, Ascaris, er ei slekt av rundormar som opptrer som parasittar hos virveldyr. Hos spolormen som ein kan finne på mennesket, Ascaris lumbricoides, er hoa 25—40 cm lang og hannen 15—25 cm lang.
 
Egga kjem inn i munnen med mat, for eksempel grønsaker som er gjødsla med innhald frå latrine. Larva vert klekt i tarmen. Ho vandrar gjennom tarmveggen og vidare gjennom blodkar, hjarte, lunger, luftrøyr, munn og ned i tarmen igjen. Der vert ho kjønnsmoden og legg om lag 200 000 egg per dag, Egga kjem ut med ekskrementa.
 
Spolormen har ingen mellomvert. Viss ein vert angripen av spolorm, må ein ha legebehandling. Andre artar av rundormar finn ein hos hest, hund og katt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012