Hopp til innhold
X
Innhald

Sporedyr

Sporedyr, Sporozoa, er ei underrekkje av protozoar. Dei lever som parasittar hos fleircella dyr. Dei har ein komplisert livssyklus og har ofte meir enn éin vert. Dei fleste sporedyra formeirar og spreier seg ved hjelp av innkapsla «sporar». Til sporedyra høyrer mellom anna malariaparasittane, Plasmodium, og koksidiar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012