Hopp til innhold
 Spretthalar. Foto: Micke E. Talbot, flickr.com
Spretthalar. Foto: Micke E. Talbot, flickr.com
X
Innhald

Spretthale

Spretthalar, Collembola, er ei klasse av 1—3 mm lange vengjelause leddyr som liknar på insekt. Dei fleste kan hoppe ved hjelp av ein springgaffel på undersida av bakkroppen. Spretthalar kan opptre i store mengder i jordsmonn, på snø og i blomsterpotter, som såkalla «kvite makk». Vi kjenner til om lag 300 artar i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012