Hopp til innhold
 Spyfluge. Foto: John Bolin, flickr.com
Spyfluge. Foto: John Bolin, flickr.com
X
Innhald

Spyfluge

Spyfluger, Calliphoridae, er ein artsrik familie av insektordenen tovengjer. Det finst 45 artar av spyfluger i Noreg. Larvene lever i dyrisk materiale. Dei eigentlege spyflugene, Calliphora, er store, og dei er ofte skinande blå. Tørrfiskspyfluge, Calliphoridae uralensis, kan gjere stor skade på fangst i Nord-Noreg.
Gullflugene, Lucilia, har grøne, metallskimrande fargar. Larvene kan angripe levande sauer og gnage hol på huda. Reinnasefluga, Cephenomyia trompe, føder larver som ho sprøytar inn i nasebora på reinen. Til ein nærståande familie høyrer dei gråblå kjøtflugene, Sarcophaga. Larvene lever i ròte kjøt og liknande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012