Hopp til innhold
 Stokkmaur. Foto: John Carr, flickr.com
Stokkmaur. Foto: John Carr, flickr.com
X
Innhald

Stokkmaur

Stokkmaur eller hestemaur, Camponotus herculeanus og Camponotus ligniperda, liknar på skogmaur, men dei er kraftigare bygd og kan verte opptil 16 mm lange. Dei gneg kompliserte system av holrom i tørre stubbar og angrip treverk i hus, særleg nær bakken. Stokkmaur finst over heile Noreg. Sjå maur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012