Hopp til innhold
 Svampar. Foto: Ria Tan, wildsingapore.com
Svampar. Foto: Ria Tan, wildsingapore.com
X
Innhald

Svampar

Svampar, Porifera, er ei rekkje av primitive fleircella dyr. Det finst om lag 10 000 artar over heile verda. Dei lever i salt- og ferskvatn, frå fjæra til djuphavet.
 
Svampane lever kvar for seg eller i koloniar. Dei har eit skjelett av nåler av kalk eller kiselnåler. Svampar er vanlegvis porøse, og dei filtrerer næring frå vatnet gjennom eit system av porer, kanalar og opningar der vatnet strøymar ut. Svampane sit fast på underlaget. Dei har storleik frå mikroskopisk til 2 meter. Det finst om lag 300 artar i Noreg, av desse finn vi 5 i ferskvatn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012