Hopp til innhold

 Tarantell. Foto: J. Gàllego, flickr.com
Tarantell. Foto: J. Gàllego, flickr.com
X
Innhald

Tarantell

Tarantell, Lycosa tarantula, er ei 2,5 cm lang ulveedderkopp frå middelhavslanda. Bitet er smertefullt, men ikkje særleg giftig. Tidlegare trudde ein at tarantellen var farleg og at bitet måtte behandlast med ein dans som har same namnet. Sjå edderkoppar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012