Hopp til innhold
 Stinktege. Foto: Fred's Uncle, flickr.com
Stinktege. Foto: Fred's Uncle, flickr.com
X
Innhald

Teger

Teger, Hemiptera, er ein insektorden der framvengjene er halvdekkvengjer og bakvengjene er flygevengjer. De fleste tegene har stinkkjertlar. Munndelane går ut frå framkanten av undersida av hovudet, og dei er stikkande eller sugande. Teger lever av plantesafter, blod eller insekt. Forvandlinga er ufullstendig.
 
Teger omfattar to grupper. Den eine er vassteger, med buksymjarar, ryggsymjarar og vass-skorpion. Den andre gruppa er landteger, med vassløparar, veggedyr, strandteger, barkteger og breiteger. Det finst om lag 50 000 artar, og om lag 425 av desse finn vi i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012