Hopp til innhold
 Termittue i Australia. Foto: brewbooks, flickr.com
Termittue i Australia. Foto: brewbooks, flickr.com
X
Innhald

Termittar

Termittar, Isoptera, er ein orden av insekt. Dei dannar samfunn med sterk arbeidsdeling. Kvar tue består av kjønnsdyr, hoer og hannar, soldatar og arbeidarar. Tuene har ein indre struktur lik det vi finn i maurtuer. Termittuene er opptil 6 m høge og kan romme 2—3 millionar dyr. Det finst om lag 2230 artar som er omtalte. Dei fleste av desse lever i tropane, men mange finst i tempererte strøk. Termittar gjer skade på treverk. Dei grunnlegg nye koloniar ved sverming. Dei har ufullstendig forvandling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012