Hopp til innhold
 Tse tse fluge. Foto: aussie carl, flickr.com
Tse tse fluge. Foto: aussie carl, flickr.com
X
Innhald

Tovengjer

Tovengjer, Diptera, er ein insektorden der framvengjene er flygevengjer og bakvengjene er omdanna til kølleforma balanseorgan. Dei har fullstendig forvandling.
 
Tovengjene vert delte i to underordenar. Den eine er myggtypen, som vanlegvis har lange antenner og slank kropp. Her finn vi mellom anna stikkemygg, stankelbein og knott. Den andre er fluger, med treledda antenner og breiare kropp. Flugene omfattar mellom anna ulike fluger, klegg og bremsar. Det finst om lag 122 000 artar av tovengjer, av desse er vel 4000 funne i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012