Hopp til innhold
 Trebukk. Foto: Jacobo Martin, flickr.com
Trebukk. Foto: Jacobo Martin, flickr.com
X
Innhald

Trebukk

Trebukkar, Cerambycidae, er ein familie av biller med langstrekt kropp, lange følehorn og ofte vakre fargar. Larvene lever under bark eller i ved. Somme av dei gjer stor skade, mellom anna husbukken, ospebukken og furubukken. Det finst om lag 30 000 kjende artar, og om lag 90 av desse finst i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012