Hopp til innhold
 Tsetsefluge. Foto: aussie carl, flickr.com
Tsetsefluge. Foto: aussie carl, flickr.com
X
Innhald

Tsetsefluge

Tsetsefluger, Glossina, er ei slekt av blodsugande stikkfluger med vel 20 artar. Larva vert utvikla inne i hoa og forpuppar seg kort tid etter fødselen. Flugene overfører trypanosom, eincella blodparasittar som er årsak til sovesjuke hos menneske og nagana hos kveg. Tsetsefluga finst i Afrika sør for Sahara.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012