Tunefluge
Tunefluge
Av /Universitetet i Oslo.

Tunefluge er ein art av tovenger i familien knott. Arten er utbreidd sirkumpolært i Skandinavia og Aust-Europa (funne i Litauen, Belarus og Ukraina), og i store delar av Russland, Canada og nordlege USA. Den ernærer seg ved å suge blod av menneske og andre pattedyr. Problemet med tunefluga er ikkje at ho er giftigare eller meir blodtørstig enn andre knottartar, men at ho kan opptre talrikt i tettbygde strøk.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Simulium truncatum
Beskriven av
(Lundström, 1911)

Beskrivelse

Tunefluga har kvite legger og ei kroppslengd på ca. 3 mm.

Som andre knottar har tunefluga ein kort, skarp snabel. Dei syg ikkje blod på same måte som mygg, men skjer i staden eit sår i huda og tilset eit blodfortynnande middel. Såret blør derfor vedvarande, og knotten sleikjer blodet i seg.

Levevis

Larvene lever i rennande vatn i større elver. Som andre knott-artar nyttar dei gjellene til å filtrera mikroorganismar og næringspartiklar ut av vatnet.

Namn

Navnet «tunefluge» stammar frå Tune i Østfold, der den særleg ved Ågårdselva nær Sarpsborg har gode forhold for vekst.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tunefluge
Simulium truncatum
Tidlegare vitskapleg namn
Melusina truncatum Lundström, 1911
Artsdatabanken-ID
17979
GBIF-ID
1643734

Kommentarar (2)

skreiv Anna Sophie Hansen

Heihei. Har et spørsmål: hva er det blofortynnende stoffet basert på? Proteinbasert? MvhAnna

svarte Preben S. Ottesen

Hei, Ja, det er ulike proteiner. Enzyment apyrase hindrer blodplatene å klumpe seg, et antitrombin protein hindrer koagulering og til slutt er det et stoff som får blodkarene til å utvide seg, slik at ikke blodstrømmen stopper opp. Det siste stoffet er jeg ikke sikker på hva er.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg