Hopp til innhold
 Grashoppesverm i Mexico. Foto: Brit, flickr.com
Grashoppesverm i Mexico. Foto: Brit, flickr.com
X
Innhald

Vandregrashoppe

Vandregrashopper finst i om lag 50 artar av markgrashopper. Dei opptrer av og til i store mengder og gir seg ut på vandring. Den vandrande forma av grashoppa skil seg mellom anna i farge og bygnad frå den stasjonære, einslege forma. Vandregrashopper kan danne svermar på opptil 40 milliardar individ som et all vegetasjon snau. Slike svermar kan fortære opptil 80 000 tonn vegetasjon per dag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 01.10.2012