Hopp til innhold

 Vårfluge. Foto: Ferran Turmo Gort, flickr.com
Vårfluge. Foto: Ferran Turmo Gort, flickr.com
X
Innhald

Vårfluge

Vårfluger, Trichoptera, er ein orden av grå eller brune insekt. Dei kan minne om møll. Kropp og vengjer er dekte av hår. Vårfluga har store fasettauge og lange følarar. Forvandlinga er fullstendig. Larvene lever i rennande eller stilleståande vatn. Dei byggjer hus av planterestar, småstein og liknande. Vårfluger er viktig fiskeføde. Det finst om lag 8000 artar, i Noreg kjenner vi til om lag 200.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012