Hopp til innhold
 Vasskalv. Foto: Udo Schmidt, flickr.com
Vasskalv. Foto: Udo Schmidt, flickr.com
X
Innhald

Vasskalv

Vasskalvar, Dytiscidae, er ein familie av store vassbiller som lever av andre vassdyr. Dei er svarte eller mørkebrune, og bakbeina er symjebein. Også larvene er rovdyr og lever i vatn. Av om lag 3500 artar er om lag 130 funne i Noreg, mellom anna stor vasskalv, Dytiscus marginalis, som vert om lag 3,5 cm lang.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012