Hopp til innhold
X
Innhald

Vassloppe

Vasslopper, Cladocera, er ein orden av bladfotingar, det vil seie små krepsdyr som er 1—4 mm lange. Dei har ein samantrykt kropp og to par antenner. Det bakre paret antenner er ein viktig symjereiskap. Dei fleste slektene av vasslopper held til i ferskvatn og er viktig fiskenæring, mellom dei Daphnia og Bosmina. I alt kjenner vi til om lag 600 artar, av desse lever om lag 90 i ferskvatn i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012