Hopp til innhold
X
Innhald

Vengjesniglar

Vengjesniglar, Thecosomata og Gymnosomata, er to ordenar av pelagiske bakgjellesniglar med symjeorgan forma som vengjer. Dei er viktig føde for fisk og bardekvalar. Mange vengjesniglar har skal, for eksempel krutåte og flugeåte. Andre manglar skal, for eksempel kvalåte. Sjå sniglar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2012
Sist oppdatert: 02.10.2012