Hopp til innhold
David Frederic Attenborough
David Frederic Attenborough
X
Innhald

David Frederic Attenborough

David Frederic Attenborough, fødd 1926, er engelsk forfattar og filmprodusent. Han er vel kjend for ei framifrå pedagogiske formidling gjennom store seriar av naturfilmar på BBC, blant anna trilogien Life on Earth (1979), The Living Planet (1984) og The Trials of Life (1990), og seinare blant anna Life in the Freezer (1993), The Private Life of Plants (1995), Life of the Birds (1998), The Blue Planet (2001) og The Life of Mammals (2002). Han vart adla i 1985 og kan nytte tittelen Sir. Han er bror av Richard Attenborough.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.09.2013
Sist oppdatert: 05.09.2013