Hopp til innhold
X
Innhald

Jean Baptiste de Lamarck

Jean Baptiste de Lamarck, 1744–1829, var fransk naturforskar. Han lanserte lamarckismen i 1809. Dette var ei lære om artane si utvikling. Lamarckismen fekk stor påverknad på avstammingslæra, men bygde på den gale føresetnaden at erverva eigenskapar vert nedarva.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.09.2013
Sist oppdatert: 16.09.2013