Hopp til innhold
X
Innhald

Nedbrytarar

Organismar som et og bryt ned dødt plantemateriale og døde dyr, kallar vi nedbrytarar. Dei er avgjerande for at økosystemet fungerer som det skal.

Nedbrytarar er eit samlenamn på alle organismane i eit økosystem som bryt ned restar av døde dyr og plantar. Mikroorganismar som bakteriar og sopp er viktige nedbrytarar, saman med meitemarkar, krepsdyr, sniglar og insekt (både larvar og vaksne individ). Åtseletarar som ramn og raudrev har òg ei rolle som nedbrytarar, sjølv om dei i tillegg blir rekna som forbrukarar, sidan dei kan jakte maten sin sjølve.

Når døde dyr og plantar rotnar, er det på grunn av at dei blir brotne ned av sopp og bakteriar. I denne prosessen blir det produsert ulike gassar, til dømes karbondioksid. Karbondioksidet blir sendt ut i lufta. Då kan organismar som driv fotosyntese (plantar, algar, fotosyntetiserande bakteriar) lage nytt sukker og oksygen. I tillegg fører nedbrytingsprosessen til at mineral som har vore bundne i dei døde organismane går tilbake til jorda. På denne måten blir minerala tilgjengelege for plantane, og minerala kjem inn att i næringskjeda.

Utan dei nedbrytande mikroorganismane ville dødt, organisk materiale ha blitt liggjande på bakken og i vatnet. Minerala hadde ikkje vore tilgjengelege for produsentane, og økosystema ville blitt øydelagde.

 

Kjelder

Dag Bjerketvedt og Arne Pedersen: Grunnleggende biologi og miljølære. Oslo 2007

 

Peikarar

NRK Skole: «Nedbryterne i naturen», nrk.no

NRK Skole: «Hva skjer med de døde dyrene?», nrk.no

Først publisert: 11.05.2020
Sist oppdatert: 11.05.2020