Hopp til innhold
Neil Armstrong (ukjent år). Foto: NASA, NASA's Marshall Space Flight Center på flickr.com CC BY-NC 2.0.
Neil Armstrong (ukjent år). Foto: NASA, NASA's Marshall Space Flight Center på flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Neil Armstrong

Neil Alden Armstrong (1930–2012), amerikansk astronaut. Armstrong var leiar for Apollo 11-ferda i juli 1969. 

Neil Armstrong var det første mennesket som sette foten på måneoverflata. Apollo 11 landa på månen 20. juli 1969, første steg på månen skjedde 21. juli. Armstrongs utsegn «That's one small step for [a] man, one giant leap for mankind» er etter kvart blitt ei «evig utsegn». Armstrong meinte å seie «a man», men gløymde å uttale «a».

Frå 1974 var Armstrong professor i teknologi ved University of Cincinnati. Han har fått mykje ære og mange prisar og ikkje minst har han fått den æra at eit krater på månen, 50 km frå landingsstaden til Apollo 11, no heiter «Armstrongs krater», og at asteroide 6469 no heiter «Armstrongs asteroide». I samband med feiringa av Armstrong sin 80-årsdag 18. november 2010 sa Armstrong i ein tale på Science & Technology-konferansen i Haag at han ville ha svara ja takk dersom han blei beden om å leie ein ekspedisjon til Mars.

Først publisert: 20.07.2019
Sist oppdatert: 21.07.2019