Hopp til innhold

Niauge

Niauge, eller lamprettar, Petromyzontiformes, er ein orden av primitive ferskvassfiskar utan kjeve.

Omgrepet «fisk» er ikkje ei systematisk korrekt nemning på denne vertebratgruppa, men gruppa av kjevelause vertebratar har lenge vore omtalt som fisk, også i faglitteraturen. Med den slanke kroppsforma liknar niauge på ål. Den runde sugemunnen har horntenner, og mange av artane lever som parasittar som syg seg fast på andre fiskeartar. Alle artane har eit ikkje-parasittisk, fleirårig larvestadium.

Havniauge, Petromyzon marinus . På fotoet ser vi niauget sin runde sugemunnen med horntenner. Foto: T. Lawrence / Great Lakes Fishery Commission, NOAA Great Lakes Environmental Research Laboratory på Flickr.co CC BY-SA 2.0.

Havniauge, Petromyzon marinus . På fotoet ser vi niauget sin runde sugemunn med horntenner. Foto: T. Lawrence / Great Lakes Fishery Commission, NOAA Great Lakes Environmental Research Laboratory på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Vi kjenner om lag 40 artar i alt, og av dei finn vi fire i Noreg: elveniauge, Lampetra fluviatilis, bekkeniauge, Lampetra planeri, arktisk niauge, Lampetra camtschaticum, og havniauge, Petromyzon marinus.

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 04.01.2017