Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Utsi

Nils Reidar Utsi, norsk-samisk skodespelar og instruktør. Han er særleg kjend for å spele samiske roller i norske filmar og teaterframsyningar.

Nils Utsi blei fødd i Tana 22. juli 1943 og døydde 31. desember 2018. Han blei teken opp ved Teaterhøgskolen i Oslo i 1964 og var den første studenten der med samisk bakgrunn. Etter å ha utdanna seg til skodespelar blei han tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen i 1968. I 1971 var han med på å opprette Hålogaland Teater, det første profesjonelle teateret i Nord-Noreg og det første regionteateret i Noreg. Det første tiåret var Utsi blant dei sentrale drivkreftene ved teatret, og han tok del i alle produksjonane den første tida. Også seinare gjesta han Hålogaland Teater i fleire roller, mellom anna i tittelrolla i stykket Petter Dass (1984), og i ei av rollene i Benoni og Rosa (2005).

Utsi hadde ei rekkje roller i filmar og fjernsynsproduksjonar. Han blei landskjend gjennom fjernsynsserien om sameguten Ante, send på NRK i 1976 og 1977, der han spela far til Ante og var medinstruktør i serien. Han var med i dramafilmen La elva leve! (1980) om Alta-aksjonen i 1979–80. I den samiske filmen Veiviseren (1987) hadde han ei sentral rolle. Filmen blei nominert til Oscar-prisen for beste utanlandske film. Han spela òg mellom anna i filmane Kautokeino-opprøret (2008) og Jernanger (2009). I 2012 hadde han ei viktig rolle i ungdomsserien «Hjerterått», som blei vist i NRK. Han har òg spela i fleire kortfilmar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Sameguten Ante, ep. 1.

Utsi hadde hovudrolla i ein samisk versjon av Ludvig Holbergs Jeppe på Bjerget ved Beaivváš Sámi Teáhter i Kautokeino i 1997. Han var instruktør for stykket Stein i lomma (Stones in his Pockets) ved det same teateret i 2004.

Kjelder

Jens Harald Eilertsen: Polare scener. Nordnorsk teaterhistorie fra 1971–2000. Stamsund 2005

Anton Fjeldstad og Olaf Kran (red.): Ti år med HT. Hålogaland teater 1971–1981. Bodø 1981

Kari Karstensen: «Hentet pappa hjem på scenen», Finnmarken 8.8.2013

Jens Harald Eilertsen: «1970-tallet: En rødglødende stjerne», nettstaden til Hålogaland Teater, ht.tr.no: http://www.ht.tr.no/index.php/article/articleview/3287/1/565 [lesedato 2.1.2016]

«Nils Utsi», biografi, Internet Movie Database, imdb.com: http://www.imdb.com/name/nm0882573/bio?ref_=nm_ov_bio_sm [lesedato 2.1.2016]

Først publisert: 30.09.2016
Sist oppdatert: 02.01.2019