Hopp til innhold
Njål Tjeltveit. Fotokjelde: Bodil Tjeltveit. Nytta etter avtale.
Njål Tjeltveit. Fotokjelde: Bodil Tjeltveit. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Njål Tjeltveit

Njål Tjeltveit, lærar, kulturarbeidar, forfattar. Han skreiv ei rad lokalhistoriske bøker om Ryfylke.

Njål Tjeltveit var fødd 23. august 1943 i Fister, no Hjelmeland, og døydde 13. januar 2001.

Han byrja på skulen seks år gamal, gjekk to år på framhaldsskule for å verte gamal nok til å dra ut i verda og reiste så til Bryne i 1958 og tok realskulen der. Etter eit år på folkehøgskule tok han 4-årig lærarutdanning i Kristiansand, gjorde verneplikt i marinen og var deretter lærar i Strand og Sola før han i 1974 slo seg ned som lærar i Hjelmeland.

I 1984 vart han kultursjef i Hjelmeland og hadde denne stillinga resten av livet, med unntak av åra 1992–93, då han vikarierte som redaktør i lokalavisa Bygdaposten. I yngre år hadde han planar om å verte journalist. Han var sommarvikar i Gula Tidend og Dagbladet Rogaland. Seinare var han i mange år korrespondent for NRK Rogaland.

Han sette spor etter seg ikkje minst som produktiv lokalhistorikar. Han gav ut rundt 15 bøker om emne frå Ryfylke. Fleire av dei handla om ferdselsvegane: Med båt og buss (1988), Ryfylkevegen (1990), Båtstoppestader i Ryfylke (1993), Ferje-Rogaland (1996), Fjordvegen (1997), Gamle fjellvegar (1999) og Kaiane våre (2000).

Han gav ut bøker om krigsåra i Hjelmeland og i Ryfylke og skreiv om etterkrigstida og mellomkrigstida. Bedehuskulturen fekk si eiga bok i 1987. Om kraftutbygginga skreiv han to bøker. Boka Opplev Ryfylke, frå 1988, vart omsett til både engelsk og tysk. Saman med Roy Høibo gav han ut praktboka Ryfylke. Liv og landskap (1989).

Han skreiv òg ei rad forteljingar til Norsk Barneblad og gav ut to barnebøker. Han var aktiv målmann og skreiv 75-årssoga til Rogaland Mållag i 1995. I 2000 fekk han Stavanger Aftenblads statuett for den lokalhistoriske forfattarskapen.

Kjelder

Tom Hetland: «Aftenbladets statuett til Njål Tjeltveit». Stavanger Aftenblad 29.12.2000

Jone Laugaland: «Med blikk for bygdekulturen». Stavanger Aftenblad 20.8.1993

Magnar Riveland: «Minnast Njål Tjeltveit». Strandbuen 21.11 2018

Minneord i Stavanger Aftenblad 16.1. 2001

 

Jone Laugaland: «Njål Tjeltveit – lærar, historikar, forfattar og kulturleiar», jonelaugaland.blogspot.com, publisert 25.11.2018: http://jonelaugaland.blogspot.com/2018/11/njal-tjeltveit-lrar-historikar.html [lesedato 6.3.2019]


Peikarar

Digitaliserte bøker av Njål Tjeltveit på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Njål Tjeltveit: Bedehuskulturen. Bedehus og bygdeliv i Ryfylke. Stavanger 1987. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Njål Tjeltveit: Ferje-Rogaland. Stavanger 1996. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Njål Tjeltveit: Gamle fjellvegar. Ferdsla mellom Rogaland og bygdene austanfor. Stavanger 1999. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Njål Tjeltveit: Hjelmelandsvågen. Ein strandstad i Ryfylke. Stavanger 1986. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Njål Tjeltveit: Så lang ein strid. Rogaland Mållag gjennom 75 år. Stavanger 1995. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 09.05.2019
Sist oppdatert: 16.05.2019