Hopp til innhold

Nordnorsk Visegruppe

Nordnorsk Visegruppe var ein sentral aktør i den nordnorske visebølgja i 1970-åra. Gruppa var kjend for å synge nordnorsk folkemusikk i fleirstemte vokalarrangement.

Nordnorsk Visegruppe frå Tromsø debuterte på visefestivalen Troilltampen på Hamarøy 13. juli 1975. Gruppa var aktiv fram til 1980. I 2005 vart gruppa samla igjen for ei tid. Dei fem originale medlemene var Jan Arvid Johansen (vokal og gitar), Bente Reibo (vokal og piano), Hanne Bjørklid (fiolin, fløyter og vokal), Gisle Wold (bass og vokal) og Ola Graff (vokal, fløyter, munnspel, piano). Wold slutta i gruppa i 1976 og vart erstatta av Odd Arvid Eilertsen.

Nordnorsk Visegruppe er rekna mellom dei meir profesjonelle og skulerte aktørane innanfor den nordnorske visebølgja, og fleirstemt song var eit kjennemerke. Uttrykket «den nordnorske visebølgja» viser til den regionale kulturelle rørsla i 1970-åra, der visesong med politisk brodd spela ei sentral rolle.

Gruppa arrangerte og framførte nordnorsk tradisjonsmateriale frå Nordnorsk Folkemusikksamling ved Tromsø museum, dei samla inn noko materiale sjølve og hadde òg nokre nyskrivne viser på repertoaret. Tradisjonsmaterialet bestod mellom anna av slåttar, bånsullar og skillingsviser.

Nordnorsk Visegruppe gav ut to plater i 1970-åra. Rav og rekling kom i 1977 og var produsert av Harald Gundhus. På denne plata finn vi mellom anna tradisjonsstoff som «Sjursveinvisa», «Ingen har så fin ei dotter» og den nyskrivne «Den nye visegruppa», der Ragnar Olsen står som komponist og tekstforfattar. I 1979 kom plata Hei løsti, som var produsert av Steinar Ofsdal og Odd-Arvid Eilertsen. Denne plata hadde òg ei overvekt av tradisjonsstoff, som «Lars Lenkelifot» og polsdansar, men òg den nyskrivne «Noravijnnsvalsen», med tekst av Arvid Hansen og melodi av Per C. Hansen. Hanne Bjørklid var ikkje med på den andre innspelinga.

Innspelingane vart relanserte på CD i 2006. I 1977 turnerte gruppa saman med Hålogaland Teater med framsyninga «Dikt og forbainna løgn».

Nordnorsk Visegruppe vart tildelt Prøysenprisen i 1977.

 

Kjelder

Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rockleksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005

Jens Harald Eilertsen: Tradisjonsmusikk i ny drakt. CD-platehefte for nyutgivinga av Rav og rekling og Hei løsti. 2006

Lars Hansen Juvik og Gullik Hasselberg: Troilltampen. Tromsø 1983

Oddvar Nygård: «Like fint å jobbe som å danse? Den nordnorske visebølgen i lys av tyve års etterpåklokskap – et kritisk tilbakeblikk», i Einar-Arne Drivenes ofl. (red.): Nordnorsk kulturhistorie, bd. 2: Det mangfoldige folket. Oslo 1994

 

Peikarar

Nordnorsk Visegruppe: «Igjen går det oppad», konsertopptak frå 1988, youtube.com

Nordnorsk Visegruppe: Rav og rekling. 20 nordnorske viser. Visebok med arrangementer. Tromsø 1980. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

NRK: «Igjen går det fremad mot lys og mot sol», musikkprogram, 1980, nrk.no

Først publisert: 10.05.2019
Sist oppdatert: 13.05.2019