Hopp til innhold
X
Innhald

Noreg under første verdskrigen

Noreg heldt seg nøytralt under første verdskrigen, 1914–1918. Men krigen forsterka konfliktar og spenningar som hadde vore under oppbygging i det unge norske industrisamfunnet, og 1920- og 30-åra blei ei uroleg tid. Det norske demokratiet stod likevel imot påkjenningane, og midt i 1930-åra kom det til viktige politiske forlik, som skulle bli avgjerande for samfunnsutviklinga i resten av hundreåret.

Midt i eit djervt sprang frå bondeland til industrisamfunn – midt i det Jostein Nerbøvik kallar «det tredje spranget» – slo slagskuggen inn over Noreg frå «ekstremismens tidsalder», som den britiske historikaren Eric Hobsbawm kallar hundreåret. Millionhærane tørna saman i vest og aust i eit blodbad som berre kunne vare nokre veker – heitte det, men som berre blei verre gjennom fire år. Skrika frå skyttargravene ved Marne overdøyvde ein ættleds gode ord om framsteg utan ende, om opplysning og velstand med større maskinar, snøggare jernvegar, tryggare skip. Teknologien, som skulle lyfte menneskeslekta, blei snudd til dødsmaskinar. Det umoglege hende. Varslet frå Titanic, som sokk to år før, slo til – sjølve sivilisasjonen var i forlis.

Det budde kring 2,5 millionar menneske i Noreg i 1914 – to tredelar på bygdene. Det norske samfunnet var «halvindustrialisert». Industriarbeidarane passerte hundre tusen i 1910. Industriproduksjonen var på det nærmaste dobla sidan hundreårsskiftet. Kvar tredje sysselsette arbeidde framleis i jordbruket, berre kvar sjette i industrien. Men industriproduksjonen passerte jordbruket i verdi nokre år før 1914.

galleri Landet hadde hatt si beste materielle vokstertid nokon gong då krigen kom. Fossane var blitt ei eventyrleg energikjelde til ny prosessindustri og til lys inne og ute, særleg i byane. Anleggsarbeidarar sprengde veg for nye jernbaner mot vest og nord. Slåmaskinar song over markene i eit av dei mest mekaniserte jordbruka i Europa. Fiskebåtar søkte lenger til havs, med nye motorar. Og spranget frå segl til damp var fullført i ein handelsflåte på 2,5 mill. bruttotonn. Mange menneske var «på vandring» – inn til byane og industri- og anleggsplassane, og til Amerika. Opp til tjue tusen årleg fann vegen mot vest over havet i tida før 1914.

Med industrivokster og aukande differensiering av arbeid og yrke blei interessene meir ulike, og organisasjonane som ville fremje desse interessene, voks. Fagrørsla blei sterkare og meir radikal i desse åra og dreiv fram eit avtalesystem, medan også arbeidskjøparane organiserte seg. Norsk Landmandsforbund voks til ein sterk organisasjon på bakgrunn av striden om tollvern.

Skarpare frontar og økonomisk turbulens

Det politiske livet var dominert av dei to store partia frå stridane om statsskipnad og union: Høgre og Venstre. No stod dei mot kvarandre i sosialpolitikk, språkspørsmål, fråhald – og i konsesjonspolitikken. Kor langt skulle staten gå i å sikre nasjonal kontroll med fossekrafta og dei nye industriane, som blei bygde dels for utanlandsk kapital og med importert teknologi?

Med den aukande arbeidarklassa trengde Arbeidarpartiet seg fram, med støtte av fagrørsla, til å bli ein tredje faktor. Veljarane var nokolunde tredelte under første verdskrigen, men valordninga gjorde at Arbeidarpartiet var sterkt underrepresentert på Stortinget – og miste etter kvart, av denne og andre grunnar, tillit til det parlamentariske systemet frå 1880-åra. Bondeinteressene gjekk i aukande grad på tvers av både Høgre og Venstre – men først i 1920 blei det skipa eit sjølvstendig Bondeparti.

Noreg greidde å halde seg utanfor første verdskrigen, men han blei likevel ei påkjenning på nesten alle sider ved samfunnslivet, på dei sosiale forholda, økonomien og på det politiske systemet. Noreg blei hardt pressa frå begge dei krigførande sidene, som nok respekterte den norske nøytraliteten, men ville dra økonomiske og strategiske fordelar av å presse norsk politikk og utanrikshandel i retningar dei såg seg tente med.

Regjeringa sleit med å hevde nøytraliteten og hindre at landet blei drege inn i krigen. Med store forsyningsvanskar steig prisane på mange varer. Om økonomien ikkje skulle ende i kaos, blei sterke reguleringstiltak nødvendige: rasjonering, valutakontroll, maksimalprisar, tvangsdyrking av korn osv. I desse spørsmåla kvesste klassemotsetningane seg til. Arbeidarklassa aksjonerte for å oppnå løner dei kunne leve med. Bøndene opplevde at maksimalprisane gav mindre og mindre inntekt når driftsmidlar og andre kostnader steig. Innslaga av spekulasjonsøkonomi og «jobbing» synte at mange kunne sko seg på folk si nød og andre land sin krig.

Krigen ute tok slutt i 1918, men dei «normale tidene» vende ikkje tilbake. Økonomisk turbulens, klassekamp og politiske kriser kom til å kjenneteikne «mellomkrigstida» – tjue- og trettiåra. Regjeringar kom og gjekk med korte mellomrom. Prisar og valutakursar svinga i dryge kast, og arbeidsplassane var usikre. Fabrikkar stengde, og gardar kom under hammaren. Jamvel bankane var ikkje til å lite på. Streikar og lockoutar varte i månadsvis, med titusenvis av lønstakarar i beiske konfliktar. Sjølve det parlamentariske styresettet kom i skotlinja – frå venstre med ei arbeidarrørsle der leiinga talte om kommunisme og klassediktatur, og frå høgre med aktivistiske flokkar som drøymde om ei sterk regjering og handleføre menn, som skulle styre uavhengig av stortingsrotet og setje arbeidarane på plass.

Stormkasta hadde delvis bakgrunn i internasjonale lågtrykk frå verdskrigen – kriser, revolusjon og reaksjon. Men dei norske årsakene var òg synlege: Omskipinga frå eit stabilt agrarsamfunn mot eit urbanisert industrisamfunn hadde gått føre seg lenge. Konfliktar som gjerne følgjer slike sosiale og økonomiske strukturskifte, braut ut for fullt mellom klasser, mellom gamalt og nytt næringsliv og mellom by og land, og etterslepet i økonomisk tenking kom til syne i politiske avgjerder som ettertida har stempla som feilgrep. Økonomisk styring var det meste av tida nærmast eit framandord, og stridande krefter styrte frå grøft til grøft.

Krise og nyskaping

Perioden fekk krise og arbeidsløyse som ettermæle. Med stor arbeidsløyse gjennom nesten heile perioden er det grunnlag for å tale om ei samanhengande sosial krise, men økonomisk var ikkje mellomkrigstida totalt sett ei krise. Sjølv om industrien langt på veg stagnerte i tjueåra, blei «dei harde trettiåra», trass i rekordarbeidsløyse i 1930–34, ein ny start, med industriell vokster kring nye produkt og ny verksemd. Fiske, jordbruk og andre næringar auka dessutan produksjonen mykje, også i tjueåra. Mellomkrigsåra under eitt var altså ei økonomisk vokstertid. Bruttonasjonalproduktet blei om lag dobla mellom 1920 og 1940.

Mykje endra seg. Ny teknologi og nye organisasjonsformer greip inn i arbeidslivet og omskapte dagleglivet. Parafinlampane veik for lyspærene i godtfolks heimar, den elektriske modellen avløyste vedkomfyren på kjøkkenet i mange byheimar, telefonen blei vanleg, bilane tok over på gater og vegar, og sist i trettiåra hadde svært mange radio. Dei første flyrutene kom i gang.

Klassekonfliktane prega perioden i det meste av riket. Sjølv om delar av landet hadde ein heller egalitær struktur, var den sosiale avstanden mellom klassene stor i dei industrialiserte områda og i jordbruksområda på Austlandet og i Trøndelag, og i fiskeriområde nordpå. Borgarskap og arbeidarklasse levde i kvar si verd, med svært ulike levekår og sosiale og politiske haldningar. Fattigdom var ein realitet eller eit trugsmål for ein stor del av folket. Bortsett frå fattigkassa fanst det ikkje noko tryggingsnett mot inntektsbortfall for folk flest. Materiell overflod og tryggleik var eit privilegium for dei få. Samfunnet var tvikløyvd i klassekonfliktar, og makta og hegemoniet låg hos ein borgarskap som verja makt, posisjonar og status mot «den sosiale uroa». Noreg var eit borgarleg samfunn med ei herskarklasse.

Politisk forlik

Konfliktane mellom klasser var tilspissa, med harde konfrontasjonar. Men det blei ikkje løyst eit skot. I andre land kom våpna i bruk i revolusjonar og borgarkrigar. Her til lands var folkemassar i sterk rørsle, og styresmaktene sette inn politistyrkar og til dels militære. Men ikkje eit einaste menneskeliv gjekk tapt.

Sjølv om det politiske systemet kom under press, blei det ståande. I røynda var det aldri alvorleg truga. Forsøk på å organisere eit fascistisk masseparti i åra rundt 1930 mislykkast. Høgreaktivismen miste fotfestet. Etter nokre år var det berre marginale smågrupper att. Det hang saman med at arbeidarrørsla hadde skifta rolle frå rambukk til berebjelke i systemet. Kriseforliket og Arbeidarpartiregjeringa i 1935 markerte slutten på ein lang politisk uroperiode. Hovudavtalen mellom Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (AFL – også omtalt som LO, som blei offisielt namn seinare) og Norsk Arbeidsgiverforening (NAF) same året synte at tida for fribryting mellom partane i arbeidslivet var tilbakelagd. I større grad var partane blitt partnarar. Medan aggressivt sprikande samfunnskrefter glødde i dei urolege tjueåra, blei integrasjon og orientering mot politiske sentrumsposisjonar sterkare utpå trettitalet. Med den nye regjeringa i 1935 kom andre krefter til og fekk politisk ansvar, og nye idear om sterkare politisk styring av økonomien for å overvinne den sosiale krisa verka til å vitalisere det skrantande parlamentariske systemet.

Vestvend nøytralitet

Noreg ville vere nøytralt i 1914 – som Danmark og Sverige. Etter 1905 hadde utanriksleiinga arbeidd for at stormaktene skulle garantere Noreg nøytralitet. Det hadde ikkje lykkast, men i integritetsavtalen av 1907 forplikta garantimaktene (Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Russland) seg til å godkjenne og respektere Noreg sin territoriale integritet og støtte landet med høvelege middel når Noreg bad om det. Verdien av avtalen er omdiskutert. Først og fremst var avtalen uttrykk for eit norsk ønske om å få stadfest at landet stod utanfor stormaktspelet og konfliktane elles i Europa.

Men sympatien gjekk helst vestover til Storbritannia og Frankrike, Noreg sine gamle garantistatar. Pengane peika òg den vegen. Storbritannia var den viktigaste handelspartnaren, og særleg i krigstid var norsk skipsfart avhengig av dette landet, supermakta på havet. Og opinionen blei meir britisk-venleg for kvart skip som blei torpedert av tyske ubåtar, og særleg då Tyskland tok i bruk giftgass og uavgrensa ubåtkrig. Men ikkje få såg den andre vegen. Mange intellektuelle hadde band til Tyskland, og mothugen mot det autoritære Russland var levande. Likevel – for dei fleste var ikkje engasjementet sterkt, og få rekna det som noko lagnadsspørsmål kven som vann.

galleri

Noreg kunne halde seg utanfor krigen først og fremst fordi ingen av partane var interesserte i å dra landet inn. Begge stormaktsblokkene såg seg best tente med norsk nøytralitet. Militært var Noreg veikt. Å få landet som alliert gav knapt noko militært tilskot. Tvert imot kunne det binde opp store styrkar. Men det var lite ønskjeleg å få Noreg på den andre sida. Ententemaktene (først og fremst Storbritannia, Frankrike og Russland) trong handelstonnasjen til transportoppdrag, og Tyskland trong det norske sjøterritoriet som trygg kanal ut til Atlanterhavet. Dessutan hadde begge partar interesse av visse norske varer, som dei lettast kunne hente når det var fred her.

Folk venta ein kort krig. Dei moderne våpna var så effektive og krigføringa så kostbar at eit felttog ikkje kunne vare lenge! Men det gjekk annleis. Krigen drog i langdrag. Forsyningsproblema blei viktigare for dei krigførande, og interessa for å hindre tilførslane til motparten større. Dermed voks problema for Noreg og andre nøytrale land. Særleg skipsfarten kom bokstavleg talt i skotlinja, og det blei vanskelegare å få tak i dei importvarene landet trong. Utanriksleiinga måtte gi seg ut på ein vanskeleg balansegang mellom dei krigførande.


Sjå video frå NRK Skole om første verdskrig og Noreg (25 minutt):



Økonomisk press på den norske nøytraliteten

Straks krigen var i gang, kom Noreg under økonomisk press. Norsk næringsliv var særleg avhengig av tilførslar frå Storbritannia: maskinar, smørjeolje til fiskeflåten, kol, høgforedla kopar o.a. Britane pressa hardt. Norske importørar måtte garantere at varer frå ententelanda ikkje skulle kome fienden til gode – elles var det ikkje meir å få kjøpt. Etter kvart tok bransjeorganisasjonane til dei norske eksportørane ansvar for at det ikkje skjedde.

Tyskland satsa stort på å sikre mattilførselen og kjøpte det dei kunne av norsk fisk. Storbritannia truga med å stanse tilførslane av olje, tinn og kol om ikkje det blei slutt på fiskeeksporten til Tyskland. Etter kvart måtte Noreg gå med på ein avtale om at Storbritannia fekk kjøpe nesten heile den norske fiskeeksporten. Og Noreg måtte gi etter for krav om stopp i eksporten av koparmalm og kis til Tyskland. Britane skulle ha forkjøpsrett til desse krigsviktige varene.

Det blei vanskelegare å stå imot britisk enn tysk press. Det økonomiske hopehavet med ententemaktene auka, og handelen med sentralmaktene (alliansen mellom Tyskland, Austerrike-Ungarn, Det osmanske riket og Bulgaria) minka gjennom krigsåra. Dette dilemmaet mellom omsynet til økonomisk interesse og upartisk nøytralitet prøvde regjeringa å møte med å la private interesser og bransjeorganisasjonar ta hand om det økonomiske hopehavet og avtalar med ententemaktene. Det hadde den prisen at særleg private interesser fekk ein temmeleg direkte kontroll med delar av næringslivet. Etter kvart måtte regjeringa gripe sterkare inn, særleg frå 1916.

Tyskland hadde lite motpress å setje opp mot det britiske presset. Eit handelsbrot med Noreg ville råke Tyskland hardast. Dei kunne truge med å søkkje norske skip. Det gjorde dei òg, men om dei gjekk for hardt ut, kunne dei presse Noreg heilt over i fiendeleiren.

Då krigen gjekk mot slutten, arbeidde norsk næringsliv i stor grad for ententen sin krigsøkonomi, og norsk marine sperra kysten for tyske ubåtar. Historikaren Olav Riste har treffande kalla boka si om Noreg under første verdskrigen The neutral ally.

Strid om skipsfarten

Som skipsfartsnasjon stod Noreg overfor store problem då partane i verdskrigen prøvde å hindre at fienden fekk forsyningar. Det første harde møtet med stormaktsinteressene kom i november 1914. Storbritannia ville sperre av Nordsjøen i nord og kontrollere trafikken ut til Atlanterhavet. Norske skip fekk pålegg om å følgje ei bestemt rute over Nordsjøen, sørover langs den britiske kysten og ut gjennom Den engelske kanalen. Regjeringa protesterte, for det var ein lang omveg gjennom svært minefarleg farvatn. Etter ei tid fekk norske skip nytte ei rute nord om Skottland, på det vilkåret at dei gjekk innom Kirkwall på Orknøyane for inspeksjon. Dette blei delvis respektert, sjølv om det vanskeleg kunne sameinast med nøytralitet.

Tyskland svarte i februar 1915 med å erklære heile sjøområdet kring Storbritannia som krigssone og åtvara nøytrale skip mot å gå inn. Tryggleiken til nøytrale skip kunne ikkje garanterast.

Dei nordiske landa gjekk saman om ein felles protest til begge partar, både mot britisk flaggmisbruk og tyske trugsmål. Og konflikten roa seg noko.

Men hausten 1916 kvesste det seg til att. 143 norske skip blei søkkte. Den tyske marinen prøvde å bryte forsyningane til Nord-Russland. Ententen hadde kravd at Noreg sette ein stoppar for at Tyskland brukte norskekysten som ubåtkanal ut i Atlanterhavet – noko Tyskland etter folkeretten hadde lov til.

Tysk ubåt under første verdskrig Ukjend fotograf Kjelde Imperial War Museums © IWM (Q 87492).jpg?w=600

Tysk ubåt under første verdskrig Ukjend fotograf Kjelde Imperial War Museums © IWM (Q 87492).jpg?w=600

Tysk ubåt under første verdskrig. Ukjend fotograf. Kjelde: Imperial War Museums © IWM (Q 87492)

Noreg svarte på denne situasjonen med ein «ubåtresolusjon» i oktober 1916: Framande ubåtar fekk gå inn i norsk farvatn «på grunn av hardt vêr eller havari» berre når føremålet var «å redde menneskeliv».

Dei tyske reaksjonane var trugande. Det låg krigsfare i lufta. Ententen, og særleg Frankrike, førebudde militær hjelp til Noreg. Tyskland skjøna etter kvart at dei kunne bruke den spente situasjonen til å oppnå handelspolitiske konsesjonar. Noreg gjekk med på at Tyskland fekk nokre økonomiske fordelar og noko meir fisk. Krisa glei over.

Men det blei ny krise då Tyskland kunngjorde uavgrensa ubåtkrig i sjøområda kring ententemaktene frå 1. februar 1917. Britane var redde for at norske reiarar ville ta skipa sine ut av trafikk til ententelanda og slo inn på «skip for skip»-politikken: Dei sleppte ikkje eit norsk skip ut av britisk hamn før dei var sikre på at eit anna kom inn. Skipa heldt fram med å gå i krigssonene, med uhyggeleg store tap av tonnasje og menneskeliv.

Etter vanskelege forhandlingar kom det ein «tonnasjeavtale» sommaren 1917. Ententen hyrte det meste av den norske flåten til fart utanfor Nordsjøen, der ubåtfaren var mindre, mot at britiske skip tok over nordsjøfarten. Dei kunne væpnast og gå i konvoi med britisk eskorte til den norske territorialgrensa, der norsk marine tok over.

Men så gjekk USA inn i krigen på ententesida i april 1917. USA, som før hadde vore ei støtte for interessene til nøytrale land, kravde no at Noreg skulle slutte med eksport til Tyskland. Dei kravde ein særleg avtale om det. Storbritannia la seg på same linje. Etter lange og vanskelege tingingar måtte Noreg godta drastiske restriksjonar på eksporten til Tyskland. Ententen skulle ha fri import frå Noreg, mot at Noreg fekk strengt tilmålte mengder av varer som var absolutt nødvendige for å halde næringslivet gåande og unngå nakne nøda.

Men sommaren 1918 hardna det til att. Britiske krigsskip la eit minebelte tvers over Nordsjøen til territorialgrensa utanfor Utstein og kravde at Noreg skulle leggje miner derifrå og inn til strendene for å stoppe dei tyske ubåtane. Gjorde ikkje Noreg det, ville britiske skip gå inn og få det gjort. Regjeringa bøygde seg og la ut minene – samtidig med at dei viste til at ein britisk ubåt hadde krenkt territorialgrensa!

Då krigen endeleg tok slutt i november 1918, skilde det ikkje mykje på at Noreg var deltakar i både militær og økonomisk blokade av Tyskland. Men slik stoda var ved frontane dei siste krigsmånadene, hadde Tyskland lite å stille imot.

Spekulasjonsår

Krigsåra blei rike spekulasjonsår for dei som hadde pengar å setje inn i etterspurde varer og tenester. Særleg i skipsfarten var det svære fortenester å hente. Fraktene voks til eventyrlege høgder. I 1914 kosta det kr 4,60 å frakte eitt tonn varer over Nordsjøen, i juni 1917 kr 260. Skipsaksjar kunne fort bli seksdobla i verdi.

Pengane flaut frå spekulasjonsvinstar, og det var vanskeleg å finne investeringsprosjekt å setje dei i. 1600 nye aksjeselskap kom i stand i åra 1915–20. Bankstellet svulma opp, med kring 80 nye forretningsbankar under «pengenes bolignød». Men det gjekk ikkje lenge etter krigen før krakket kom både for spekulantar, aksjeselskap og bankar, og så høgt som nivået var drive opp, så djupt blei fallet.

Medan denne pengedansen gjekk føre seg på land, gjekk 900 skip tapt i krigsforlis, halvparten av flåten frå 1914. Men skipa var godt forsikra. Eigarane bygde og kjøpte nye skip og tente pengar. To tusen sjøfolk miste livet.

Dei som tente seg rike, var få. For vanlege folk blei situasjonen svært vanskeleg utover i krigsåra. Prisane steig. Somme forbruksvarer kunne gå til reine svartebørsprisar, eller dei blei beint fram borte frå butikkane. «Dyrtida» skapte uro og sosiale spenningar. Det stod om det daglege brødet, og harmen retta seg både mot «matfordyrarar», spekulantar og bønder, men etter kvart også mot regjeringa, som nølte med å gripe inn med prisregulering og rasjonering. Først frå nyåret 1918 blei vanlege forbruksvarer rasjonerte.

galleri


Den økonomiske situasjonen betra seg snøgt då krigen var over i november 1918. Det kom ein etterspørselseksplosjon. Mange forbruksønske skulle møtast, og nedslite produksjonsutstyr skulle fornyast. Snart gjekk alle hjul for fullt. Prisane steig i ein ny inflasjonsprega konjunktur, og lønene auka i økonomisk optimisme – før omslaget kom med dramatisk alvor hausten 1920.

Vidare kontaktflate mellom stat og næringsliv

Krigen blei ei enorm påkjenning for norsk økonomi og gav staten ei ny, utvida og etter kvart omstridd rolle. Straks krigen braut ut, blei det ei allmenn tillitskrise og stor pågang på bankane. Folk ville ha ut pengane sine. Noregs Bank suspenderte gullinnvekslinga. Prisane fauk i vêret. Mange bedrifter fekk ikkje råvarer frå utlandet, andre var redde for at eksporten ville svikte. I begge tilfelle gjekk dei til permitteringar. Snart stod kvar fjerde fagorganisert utan arbeid.

I krigsåra måtte regjeringa gripe inn i næringsliv og økonomi på ein heilt annan måte enn før for å halde hjula i gang, prøve å sikre forbruksvarer til folk flest og innsatsvarer til næringslivet. Statsadministrasjonen blei bygd ut med nye avdelingar, nye kontor, nye direktorat og etter kvart nye departement. Dessutan kom det kommisjonar og komitear der staten og næringslivet skulle samarbeide og finne løysingar i lag.

Provianteringsarbeidet balla på seg, og i 1916 blei den veksande administrasjonen omskipa til eit provianteringsdepartement. Både staten og dei lokale nemndene hadde fullmakt til å beslagleggje matvarelager for å hindre spekulasjon i nøda. Bøndene fekk tvangspålegg om å dyrke korn.

Seint på våren 1915 oppretta staten monopol på kornimporten. Sukkerimportmonopol blei innført i 1917. Det galdt å få styring med prisar og fordeling.

Styresmaktene greip inn i prisdanninga med maksimalprisar og priskontroll. I 1917 kom det ei lov om prisregulering, eit prisreguleringsråd og eit prisreguleringsdirektorat, med Wilhelm Thagaard som sjef. Dermed var grunnsteinen lagd for offentleg prisregulering, som stod ved lag i skiftande former gjennom størstedelen av 1900-talet.

Då fraktene steig og steig og truga forbruksvareprisane, kjøpte staten skip og starta reiarlag for å kunne frakte nødvendige varer. Husleigene steig mykje, særleg i dei større byane, og alt i 1915 greip regjeringa inn med prisregulering på husleiger.

Frå 1918 fekk kvar familie rasjoneringskort, der kjøpmannen klipte ut merke for viktige matvarer han selde: eit kilo sukker og eit kvart kilo kaffi i månaden for vaksne, 250 gram mjøl per dag, med tillegg for folk med hardt arbeid. Eit rasjoneringsdirektorat tok seg av utdelinga av rasjoneringskorta.

Det kom mange slags forbod. Poteter og korn skulle ikkje nyttast til brennevinsbrenning. I 1916 kom det forbod mot import av brennevin, i 1917 mot sterkvin og øl (i kl. 2 og 3).

Ikkje alt lykkast like bra. Våren 1918 blei smøret heilt borte frå butikkane. Med tvangsdyrking av korn blei det mindre fôr til dyra og dermed mindre smør. Mange bønder ville heller selje det dei hadde, direkte til forbrukarane, utan prisregulering. Styresmaktene svarte med å forby postpakkar med smør til privatpersonar, og ingen måtte ha meir enn tre kilo smør i kofferten på reise.

Næringslivskrinsar pressa òg på for å få eit næringsdepartement som kunne ta seg av interessene deira. Eit industriforsyningsdepartement blei skipa. Det skulle vere eit slags «upolitisk» fagdepartement til å ta seg av forsyningsproblema for industrien, eit «departement med det rette hjertelag for næringslivet».

Den offentlege økonomien voks under krigen. Dyrtidsløyvingane, fiskeoppkjøp og forsyningskjøp kosta mykje. Like eins var det med matvarekjøp og nøytralitetsvern. Statsgjelda blei tredobla, til ein milliard kroner. Skattesatsane auka kraftig både i staten og kommunane. Statsskatten fekk progressive satsar, og det kom forbruksskattar i tillegg.

Dei fleste reguleringane og kriseordningane blei avvikla like etter krigen, men ein god del blei ståande, til dømes prisdirektoratet og bransjeorganisasjonane. Og stats- og kommunebudsjetta var framleis store. Krigen legitimerte statsinngrep som blei varige. Det offentlege arbeidsområdet blei såleis utvida, og oppfatningane endra seg om kva som var statsansvar – og kva som ikkje var det. Kontaktflata mellom stat og næringsliv blei vidare. Den første verdskrigen styrkte altså dei regulerande og «korporative» trekka ved staten, noko også den andre verdskrigen gjorde.

Gunnar Knudsen-perioden

Tida 1913–20 kan med stor rett kallast Gunnar Knudsen-perioden. Leiarskapen hans i regjeringa og Venstre var personleg, sterk og myndig. Krigsåra skauv i nokon grad partipolitikken i bakgrunnen, i alle fall den første tida, og gav statsministeren autoritet ut over partigrensene.

Knudsen, Gunnar.jpg?w=600
Knudsen, Gunnar.jpg?w=600

Statsminister Gunnar Knudsen (V). Foto med løyve frå Statsministerens kontor (C).

Valet i 1915 blei ein ny triumf for Venstre. Partiet kom att med større fleirtal enn sist. Høgre heldt sitt mandattal, medan partiet Frisinnede nærmast blei utradert. Arbeidarpartiet vann mange nye røyster, men miste fire mandat. Det kom tydeleg fram kor urettvis valskipnaden var: Tre parti hadde kring 30 % av røystene kvar, men fekk 74, 20 og 19 mandat.

Stortingsperioden 1916–18 blei vanskelegare for regjeringspartiet. Krigen, forsyningsvanskane, dyrtida og reguleringstiltaka sleit på populariteten. Partiet sleit òg med indre spenningar. Viktige saker køyrde seg fast i Stortinget, sjølv om venstrefleirtalet skulle vere meir enn stort nok. Lov om folkeforsikring kom som proposisjon i 1918, men blei behandla av Stortinget fleire år seinare. Nederlaget kom med tyngd for Venstre i 1918. I røynda miste dei alle bykrinsane, og det var særleg mange av dei radikale som fall ut.

Høgre hadde eit vanskeleg dilemma i desse åra: Kor langt skulle partiet opponere, og kor mykje skulle det ta omsyn til behovet for nasjonalt samhald i ei krisetid? Partiet hadde dessutan indre motsetningar å slite med. Men partiet greidde seg svært godt ved valet i 1918 og dobla mandattalet, til 40. Høgre kunne profittere på Venstre sin regjeringsslitasje. Dessutan verka radikaliseringa av arbeidarrørsla polariserande, til gagn for høgresida.


Kjelder

Litteraturliste til Berge Furre: Norsk historie 1914–2000


Utdrag frå Berge Furre: Norsk historie 1914–2000. Det Norske Samlaget 2000

Redigert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Det Norske Samlaget 2016

Først publisert: 06.06.2016
Sist oppdatert: 29.04.2020