Hopp til innhold
Handkolorert bilete av to japanske kvinner som bukkar, datert til ca. 1880. Bukking (ojigi) er ei norm i japansk kultur. Kjelde: Photographic Heritage, flickr.com. CC BY 2.0.
Handkolorert bilete av to japanske kvinner som bukkar, datert til ca. 1880. Bukking (ojigi) er ei norm i japansk kultur. Kjelde: Photographic Heritage, flickr.com. CC BY 2.0.
X
Innhald

Normer

Normer er oppfatningar om korleis vi skal oppføre oss, og korleis åtferda i sosiale situasjonar bør vere.

Innlæring av normer startar med at barn tar til seg foreldra sine meiningar om kva som er akseptabel åtferd i familien. Etter kvart vert barna med i andre grupper og får fleire meiningar å ta omsyn til. For å verte ein del av fellesskapen, innrettar dei seg etter dei rådande reglane.

Gradvis gjer vi normene til våre eigne. Nokre av dei er moralsk forankra – du skal ikkje jukse. Andre er skikk og bruk-reglar – hugs å takke. Sidan normene er delte av mange, tener dei som felles sosiale køyrereglar. I det moderne samfunnet er vi avhengige av folk vi ikkje kjenner, og vi stolar på dei som tek avgjerder på våre vegner. Di større grad av normfellesskap det er i samfunnet, di meir tillit er det mellom innbyggjarane.

Sjølv om normer er stabile, vert dei jamt utfordra og nokre gonger avleggs. Ungdomar som ikkje ønskjer å gå på vidaregåande skule, bryt med norma om at alle må ta utdanning. I tidlegare generasjonar var det om å gjere å oppdra barna til å vere lydige, på 2000-talet oppdrar foreldre barna til å verte sjølvstendige.

Dei fleste normer er uskrivne, tolkinga av reglane har slingringsmon, og reaksjonane på normbrot varierer. Lover er skrivne normer. Dei må alle følgje, og det er rettsvesenet som avgjer om ei lov er broten, og kva som er ein høveleg straffereaksjon.

 

Kjelder

Jusleksikon: «Rettsregel», jusleksikon.no, sist redigert 7.2.2018: https://jusleksikon.no/wiki/Rettsregel [lesedato 5.11.2018]

Kristin Risvand Mo og Sigrid Folkestad: «Strenge nordmenn», forsking.no, publisert 7.6.2011: https://forskning.no/partner-sosiale-relasjoner-norges-handelshoyskole/strenge-nordmenn/770787 [lesedato 5.11.2017]

Peikarar

Jens Marius Sæther: «Strenge uskrevne sosiale regler: – Norge er et annerledesland», dagsavisen.no

Thuy My Do Thi og Solveig Bådsvik: «Dette er de uskrevne reglene 'alle' nordmenn følger», tv2.no

Først publisert: 29.04.2020
Sist oppdatert: 12.05.2020