Hopp til innhold

Norsk Bokmannslag

Norsk Bokmannslag, organisasjon for nynorske forfattarar skipa i 1910, innsovna mot slutten av 1970-åra.

Norsk Bokmannslag vart skipa 11. mars 1910. Initiativet kom frå Idar Handagard, som òg var den første leiaren. Den første sekretæren var Sven Moren. Føremålet var å arbeide for den nynorske litteraturen og for betre kår for nynorske forfattarar. Då laget vart skipa, hadde det 41 medlemer. Det var eit lag for både skjønnlitterære forfattarar og sakprosaforfattarar.
Handagard var leiar til 1913. Deretter følgde Sven Moren (1913–16), Olav Hoprekstad (1916–30), Halvor Floden (1930–48), Ole Barman (1948–63) og Olav Dalgard (1963–1980).
Bakgrunnen for stiftinga i 1910 var at Handagard og andre meinte landsmålsforfattarane vart forbigådde i pressa og på teaterscenene, at offentlege forfattarstipend gjekk nesten berre til riksmålsforfattarar, og at Den norske Forfatterforening ikkje gjorde noko for å betre situasjonen. Handagard oppmoda difor landsmålsforfattarane til å gå ut av foreininga, og det gjorde dei. 
Striden om forfattarstipend enda i 1914 med at det sakkunnige utvalet i Den norske Forfatterforening, som innstilte til offentlege stipend, vart utvida til sju medlemer, fire for riksmål, tre for landsmål. Dei fleste landsmålsforfattarane melde seg inn att i forfattarforeininga, var medlemer i begge organisasjonane, og kvoteordninga i forfattarforeininga vart ståande.
Norsk Bokmannslag delte ut ymse stipend, gjorde framlegg om tildeling av diktargasje og arrangerte seminar og kurs der nynorsk litteratur og bygdelitteratur vart drøfta. Då Arne Garborg fylte 70 år i 1921, gav styret ut eit festskrift. Aktivitetsnivået opp gjennom åra varierte. Olav Dalgard vart den siste leiaren. Den siste medlemslista er frå 1972 og tel 47 forfattarar. Truleg vart det siste seminaret halde same året. Men så seint som i oktober 1977 finst det ei fråsegn frå laget ved formannen Olav Dalgard.
Kjelder
Arild Bye, telefonsamtale 22.3.2012
Knut Ødegård, e-post 25.3.2012
Georg Brochmann: Den norske Forfatterforening gjennom 50 år. Oslo 1952
Arild Bye: Kristofer Uppdal. Ein mot alle. Oslo 2010
Den 17de Mai, artiklar 13.3.1910, 30.5.1911
Jostein Gripsrud: Folkeopplysningas dialektikk. Perspektiv på norskdomsrørsla og amatørteatret 1890–1940. Oslo 1990
Olav Hoprekstad mfl. (red.): Arne Garborg 25. januar 1851–25. januar 1921. Bergen 1921
Olav Hoprekstad mfl.: «Norsk bokmannslag. Fraasegn fraa styre». Ung-Norig, 1/1922
Jorolv Moen mfl. (red.) Norske organisasjoner. Oslo 1972
Jorolv Moen mfl. (red.) Norske organisasjoner. Oslo 1976
Jorolv Moen: Oppslagsboka Norske organisasjoner. Oslo 1966
(NPK): «Medarbeidarane sluttar. Forfattarane protesterer». Trønder-Avisa 31.10.1977
Torgny Reinton (red.): Norges lensmenn 1952. Oslo 1952
Nils Johan Ringdal: Ordenes Pris. Den norske Forfatterforening 1893–1993. Oslo 1993
Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas. Oslo 1995

Først publisert: 30.05.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013