Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk

Er nynorsk og bokmål to språk eller to former av det same språket? Både språkvitskapleg og språkpolitisk er både «to språk» og «to målformer» moglege svar – men «to målformer» er det offisielle svaret.

Språkfamilie

Norsk er eit nordisk (eller nordgermansk) språk. Nordisk er ei grein av germansk, som er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Vi kjenner att norske ord som bror/broder, dotter/datter og namn/navn langt utanfor Noregs grenser – til dømes i persisk barādar, doxtar og nām.

 

Det er vanleg å dele dei nordiske språka i to greiner, vestnordisk og austnordisk. Islandsk, færøysk og det utdøydde norn (som blei talt på Shetland, Orknøyane, Hebridane og i delar av det skotske fastlandet) er vestnordiske språk, medan svensk og dansk er austnordiske. Norsk talemål kan klassifiserast som eit overgangsområde mellom vestnordisk og austnordisk. Det nynorske skriftspråket er vestnordisk. Bokmål er eit overgangstilfelle, men di meir tradisjonelt, di meir austnordisk.

 

Ut frå korleis språka er innbyrdes forståelege, blir moderne nordisk òg delt i skandinavisk eller fastlandsnordisk (norsk, svensk og dansk) og øynordisk (islandsk og færøysk). Etter norrøn tid har norsk i stor grad følgt dei same utviklingslinjene som svensk og dansk – både i lydverk, grammatikk og ordtilfang.

 

Språkhistorie

Nordisk skilde lag med annan germansk i dei første hundreåra etter Kristi fødsel, og det eldste nordiske språkstadiet kallar vi urnordisk. Kring 700 delte urnordisk seg i norrønt (gamalvestnordisk) og gamalaustnordisk, men det var snakk om eit dialektskilje, og all nordisk blei kalla dǫnsk tunga ('dansk tunge') heilt fram til 1300-talet. I tida frå 700-talet til 1350, då norrønt var språket i Noreg, oppstod det eit skilje mellom islandsk på den eine sida og færøysk og norsk på den andre. I den mellomnorske tidbolken, frå 1350 til 1525, skilde norsk lag med færøysk. Gamalaustnordisk delte seg i dansk og svensk på 1100-talet.

 

I den mellomnorske tidbolken blei dei skandinaviske språka utsette for ein sterk påverknad frå lågtysk, språket til hanseatane, særleg i ordtilfanget. Denne tidbolken fall i hop med Kalmarunionen (1389/1397–1521), då dansk trengde bort norsk som skriftspråk. Stillinga til dansk skriftspråk blei styrkt etter reformasjonen i 1536, då landet vårt kom under dansk styre, og ein dansk bibel, Christian IIIs Bibel frå 1550, blei teken i bruk i Noreg.

 

Det norske språkstadiet etter 1525 kallar vi moderne norsk eller nynorsk, som gjennom arbeidet til Ivar Aasen blei skriftspråk på 1800-talet, under namnet landsmål (skrive Landsmaal den gongen), sidan 1929 nynorsk. Ivar Aasen bygde landsmålet på dei talemåla som det er vanleg å kalle norsk folkemål, det vil seie dei tradisjonelle norske dialektane, med røter i norrønt. Norsk folkemål er framleis den vanlegaste typen norsk talemål og står i motsetnad til talemålet i den dansk-norske språktradisjonen – jamfør neste avsnitt.

 

Det som gjer den norske språkstoda noko komplisert, er at frå og med 1700-talet blei dansk talemålet i høgare sosiale lag. Føredømet var talemålet til høgare samfunnslag i København. Dansk med norsk aksent – eller talemålet i den dansk-norske språktradisjonen – gjekk eit stykke inn på 1900-talet under namnet «den dannede dagligtale». Det har eigne variantar i storbyane – til dømes «penbergensk» i Bergen, «fintrøndersk» i Trondheim og «standard austnorsk» i Oslo.

 

Dei fleste stader står dette talemålet i motsetnad til folkemålet, men dei to talemåla glid ofte gradvis over i kvarandre gjennom ulike sosiale lag. Særleg i byane har folkemålet mange lånord frå «den dannede dagligtale». Dansk skil mellom verba spise ('tilføre kroppen (nødvendig) næring gennem mund og hals; indtage mad') og æde ('indtage føde; spise – om dyr') (definisjonar frå Den Danske Ordbog, ordnet.dk), og dette skiljet har via spise og ete i «den dannede dagligtale» kome inn i folkemåla i mange norske byar, medan bygdedialektane i stor grad nyttar ete om både folk og dyr, slik det var på norrønt, og slik det framleis er på andre germanske språk – jamfør islandsk og færøysk eta, svensk äta, tysk essen, nederlandsk eten og engelsk eat.

 

Eit eige skriftspråk i den dansk-norske språktradisjonen blei utvikla gjennom språkplanlegging tidleg på 1900-talet. Det danske skriftspråket blei revidert, med «den dannede dagligtale» i byane som mønster. Det første steget blei teke med reforma i 1907, då vaade øine ('våte auge') blei til vaate øine. Endringane i 1917 til våte øine og i 1938 til våte øyne var berre overflatiske justeringar av rettskrivinga, på grunnlag av akkurat same uttale. Bokstaven å blei lånt frå svensk i 1917 og skrivemåten øy blei lånt frå nynorsk i 1938. Slike ortografiske endringar gjorde at bokmålet fekk ei grafisk form som avveik meir frå dansk, som òg har gjennomgått slike ortografiske endringar, sidan 1948 med skrivemåten våde øjne.

 

Dansk skriftspråk var sidan 1800-talet blitt kalla Rigsmaal både i Danmark og Noreg. Det nye skriftspråket som blei utvikla frå dansk, bytte namn frå riksmål til bokmål i 1929. Etter 1929 levde ordet riksmål vidare som namn på ein meir tradisjonell, uoffisiell variant av bokmålet, men etter rettskrivingsendringane i 2005 blei skilnaden på skriftspråka bokmål og det uoffisielle «riksmålet» så å seie borte.

 

Ved skriftspråksreformene i 1917 og 1938 blei mange norske ord og bøyingar tekne inn i riksmål/bokmål, men dei slo stort sett berre igjennom om dei var i vanleg bruk i talemålet i høgare sosiale lag i hovudstaden, som ku, sau, furu og dere, mot dansk ko, får, fyr og I/eder. Nokre danske former gjekk ut av rettskrivinga i 1938, men mange blei tekne inn att i 1981 og 2005, samtidig som mange norske former blei fjerna.

 

Også landsmål/nynorsk har vore igjennom ein lang språkplanleggingsprosess. Dei viktigaste endringane skjedde i 1901, 1910, 1917, 1938, 1959 og 2012. Frå vaate augo (augu) i 1901 og 1910 gjekk det til våte augo i 1917 og våte augo/auge sidan 1938.

 

Ordhistorie – «det Norske Sprog»

I den norske grunnlova av 4. november 1814 er uttrykket «det Norske Sprog» nytta fire gonger. Her er eit døme: «§ 33. Alle Forestillinger om Norske Sager, saavelsom de Expeditioner, som i Anledning deraf skee, forfattes i det Norske Sprog.»

 

Heile grunnlova var skriven på dansk – og språket som grunnlova kallar «det Norske Sprog», er dansk. Leksikonet Den Store Danske har i artikkelen «norsk» denne merknaden til § 33 i grunnlova): «Her blev sproget i Norge altså – på dansk! – defineret som «det norske sprog». Senere i århundredet talte man om dansk-norsk, men sprogspørgsmålet var ikke i fokus de første årtier efter 1814.»

 

12. mai 1885 gjorde Stortinget jamstillingsvedtaket, som jamstilte dei to skriftspråka som var i bruk i landet vårt: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.»

 

Det følgjer av § 33 i grunnlova at «det norske Folkesprog» og «vort almindelige Skrift- og Bogsprog» begge blei rekna som norsk språk. Når to ulike skriftspråk begge blei rekna som norske, trongst ein eigen terminologi, som kom kort tid etter jamstillingsvedtaket – jamfør § 73 i lov om Folkeskolerne paa Landet, frå 1892: «Undervisningen skal foregaa i det norske Sprog. Skolestyret bestemmer, om Skolens Læse- og Lærebøger skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket af disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes.»

 

Her er Sprog nytta i uttrykket «det norske Sprog». Maal blir derimot nytta om dei skriftlege variantane av «det norske Sprog», nemleg Landsmaal og det almindelige Bogmaal. Snart blei Maal bytt ut med Maalform, mellom anna i lov om Lærerskoler og Prøver for Lærere og Lærerinder i Folkeskolen af 18de Januar 1902, som innførte obligatorisk sidemålseksamen. Dei som hadde Landsmaal som hovudmål, fekk det almindelige Bogmaal som sidemål, og omvendt.

 

Frå 1885 og eit lite stykke inn på 1900-talet hadde vi ein ganske spesiell språksituasjon i Noreg. Det norske språket fanst i to målformer, og den eine målforma var identisk med det offisielle danske språket i Danmark.

 

Språksystem

For å forstå tilhøvet mellom nynorsk og bokmål er det opplysande å setje det inn i ein større nordisk samanheng, slik det er gjort i tabellen nedanfor. Her er bokmål sett opp i to kolonnar, bokmålR for radikalt bokmål og bokmålM for moderat bokmål. Radikalt bokmål og moderat bokmål skil seg frå kvarandre i kor mange element dei har frå norsk folkemål. Det første har mange, slik at det liknar meir på nynorsk. Det andre har relativt få, slik at det ligg nær dansk. Moderat bokmål dominerer i bøker, presse og kringkasting, og det er vanleg å gi ut ordbøker utan radikale former. Undersøkingar gjennom mange tiår har vist at mange skuleelevar og lærarar ikkje veit at dei radikale formene i det heile er tillatne.

 

islandsk

færøysk

nynorsk

bokmålR

svensk

bokmålM

dansk

bleikastur

bleikastur

bleikast

bleikest

blekast

blekest

blegest

breiður

breiður

brei

brei

bred

bred

bred

augu

eygu/eygur

augo/auge

øyer

ögon

øyne

øjne

þjófarnir

tjóvarnir

tjuvane

tjuvene

tjuvarna

tyvene

tyvene

leysa

loysa

løysa/løyse

løyse

lösa

løse

løse

mjölið

mjølið

mjølet

mjølet

mjölet

melet

melet

sjálfur

sjálvur

sjølv

sjøl

själv

selv

selv

trú

trúgv

tru

tru

tro

tro

tro

gólfin

gólvin

golva

golva

golven

gulvene

gulvene

sjúkari

sjúkari

sjukare

sjukere

sjukare

sykere

sygere

dögg

døgg

dogg

dogg

dagg

dugg

dug

brotið

brotið

brote

brutt

brutit

brutt

brudt

 

Dansk er det minst konservative av dei nordiske språka, ved at det avvik mest frå eldre nordisk, og islandsk er mest konservativt. I alle dei tilfella der dansk og islandsk er ulike i tabellen ovanfor, har det i hovudsak skjedd endringar i dansk. Vi ser at moderat bokmål på dei fleste punkt er like lite konservativt som dansk, medan radikalt bokmål på fleire punkt er nesten like konservativt som nynorsk.

 

I norsk skriftspråkssamanheng blir moderat bokmål omtalt som meir «konservativt» enn radikalt bokmål, fordi det har teke vare på fleire drag frå det opphavleg danske skriftspråket, medan radikalt bokmål nettopp blir kalla «radikalt» av di det avvik meir frå dansk ved å ha fleire innslag frå norsk folkemål. Språkhistorisk blir «radikal» og «konservativ» her nytta på ein villeiande måte.

 

Er nynorsk og bokmål eitt eller to språk?

Som nemnt i avsnittet «Ordhistorie – 'det Norske Sprog'», er det offisiell norsk politikk å rekne nynorsk og bokmål som to målformer, altså to variantar av det same norske språket. Dette har vore offisiell språkpolitikk heilt sidan 1800-talet, då dei to offisielle skriftspråka var «det norske Folkesprog» og «vort almindelige Skrift- og Bogsprog». Dette kan berre forståast som eit ønske om å framstille «vort almindelige Skrift- og Bogsprog» som eit norsk språk. Fram til 1907 var «vort almindelige Skrift- og Bogsprog» dansk. Leksikonet Den Store Danske skriv i artikkelen «norsk» om «... forfattere som Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander Kielland og Jonas Lie, hvis prosa var skrevet på riksmål, det senere bokmål. De norske særtræk var få, og originaludgaverne er i dag lettere at læse for danske end for norske.»

 

I den grad det var nokon skilnader på dansk skriftspråk i Danmark og i Noreg, kan vi karakterisere det danske skriftspråket som plurisentrisk – ei nemning som til dømes blir nytta om tilhøvet mellom spansk (kastiljansk) i Spania og Latin-Amerika, portugisisk i Portugal og Brasil eller engelsk i England, Skottland, USA, Canada, Sør-Afrika, India og Australia. Det finst ingen klare kriterium for å avgjere når ein skal rekne med eitt plurisentrisk språk og når ein skal rekne med fleire språk som står svært nær kvarandre. Tilhøvet mellom serbisk, kroatisk, bosnisk og montenegrinsk er relevant å nemne i denne samanhengen. Politisk blir dei rekna som fire språk, men det ville òg vere mogeleg å snakke om eitt plurisentrisk språk.

 

Gjennom rettskrivingsendringane i 1907, 1917 og 1938 oppstod bokmål, som er eit anna skriftspråk enn offisiell dansk. Men er dette nye skriftspråket ei dansk målform med nokre lån frå norsk, ei norsk målform med fleire danske innslag eller eit tredje språk, som ligg mellom dansk og norsk? Korkje nordmenn eller danskar er samde seg imellom om dette, og det finst ingen enkle språkvitskaplege svar.

 

Det finst ikkje klare språkvitskaplege kriterium for å avgjere om to språkvariantar utgjer eitt eller to språk. Dersom dei to variantane ikkje er innbyrdes forståelege, som til dømes grønlandsk og dansk eller fransk og baskisk, utgjer dei heilt klart to språk. Språk som skil seg så sterkt frå kvarandre, kallar vi avstandsspråk (av tysk Abstandssprache). Men mange språk rundt om i verda er ikkje så forskjellige, og høyrer heime i dialektkontinuum – lange rekkjer med innbyrdes forståelege dialektar som glid gradvis over i kvarandre. Dei fastlandsnordiske språka utgjer eit dialektkontinuum, og det same gjer dei romanske språka frå Portugal til Italia, dei austslaviske språka, og det tysk-nederlandske språkområdet. Ulike språk i eit dialektkontinuum kallar vi utbyggingsspråk (av tysk Ausbausprache).

 

Kor mange språk slike kontinuum utgjer, er styrt av historiske og politiske spørsmål. Den norske regjeringa kunngjorde 26. april 2005 at kvensk skulle reknast som eit eige språk, og ikkje ein dialekt av finsk. Kvensk og finsk er delar av det austersjøfinske dialektkontinuumet, som mellom anna òg omfattar estisk og meänkieli (tornedalsfinsk). Dette var ei politisk avgjerd som hadde som føremål å støtte den kvenske minoriteten i Noreg, som ønskte at kvensk skulle få offisiell status som eit eige minoritetsspråk. Kvensk og finsk ligg nær kvarande og er innbyrdes forståelege, men språkvitskapleg er det ikkje noko i vegen for å rekne dei som to språk.

 

På same måten er det med bokmål og nynorsk. Språkvitskapleg er det ikkje noko i vegen for å rekne dei som to språk, slik at vi får (minst) fire fastlandsnordiske språk – nynorsk, bokmål, svensk og dansk. Men om ein ønskjer å rekne nynorsk og bokmål som eitt eller to språk, er eit politisk spørsmål. Dansk og bokmål ligg på fleire punkt nærmare kvarandre enn bokmål og nynorsk, og ein kan difor med same rett problematisere spørsmålet om bokmål og dansk utgjer eitt eller to språk.

 

Samnorsk

Frå om lag 1917 og fram til 2004 var det offisiell norsk politikk å fremje tilnærming mellom landsmål/nynorsk og riksmål/bokmål, med eitt sams norsk skriftspråk som mål – ofte kalla samnorsk. Denne politikken bygde på den språkpolitiske ideologien at dei to skriftspråka var «målformer», og at dei ikkje representerte to ulike språk eller språktradisjonar. Norsk språknemnd (1952–1972) hadde som formålsparagraf «å fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn». Norsk språkråd (1972–2004) skulle støtte utviklingstendensar som på lengre sikt ville føre målformene nærmare saman. Språkrådet (oppretta i 2005) har ingen tilnærmingsparagraf. Motstanden mot samnorskpolitikken mellom både bokmålsfolk og nynorskfolk kan ikkje forståast som anna enn eit uttrykk for det synet at dei to skriftspråka representerer to klart åtskilde språklege tradisjonar, med ulikt historisk opphav, og at den særnorske nemninga «målform» er villeiande.

 

Eit sveip til Skottland

Det nynorske skriftspråket byggjer på norsk folkemål. Skriftspråket riksmål/bokmål oppstod ved at det danske skriftspråket blei revidert i samsvar med dansk-norsk talemål, og ein slik prosess er det vanskeleg å finne parallellar til elles i verda. Den språkstoda som mest liknar på den norske, finn vi i Skottland. Tabellen nedanfor viser ei jamføring av norske og skotske språktilhøve.

 

NoregSkottland

nynorsk

skotsk

bokmål

skotsk-engelsk

dansk

engelsk

 

Skotsk er etterkomaren av det angelsaksiske språket som har vore talt i Skottland sidan 600-talet, slik norsk er det tradisjonelle talemålet i Noreg. Skotsk fekk ei skriftleg form tidleg på 1400-talet, men engelsk skriftspråk trengde det bort i samband med reformasjonen på 1500-talet, då ein engelsk bibel blei spreidd i Skottland.

 

Skotsk-engelsk er den skotske varianten av engelsk og kan jamførast med bokmål i Noreg. Etter unionen mellom England og Skottland i 1707 fekk etter kvart også engelsk talespråk innpass i høgare sosiale lag i Skottland, eit skotsk-engelsk talemål som først og fremst avvik i uttale frå engelsk talemål i England, med nokre skotske innslag i ordtilfanget.

 

Engelsk er etterkomaren av det angelsaksiske språket i England og kan jamførast med dansk, det tradisjonelle språket i Danmark.

 

Språkstoda i Skottland liknar den vi hadde i Noreg tidleg på 1800-talet, før Ivar Aasen tok til med arbeidet sitt. Skottane skriv engelsk og snakkar skotsk og skotsk-engelsk, slik nordmenn tidleg på 1800-talet snakka norsk og dansk-norsk. Det finst ikkje noko standardisert skotsk skriftspråk. Sjå elles artikkelen «Skotsk».

 

Uttale

Uttalen av norsk og dansk-norsk er nærmare skildra i artiklane «Nynorsk» og «Bokmål».

 

Meir informasjon

Eli Bjørhusdal: Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005. Ph.d.-avhandling, Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Universitetet i Oslo 2014

Knud Brekke: Bidrag til dansk-norskens lydlære. Kristiania 1881

Andreas Drolsum Haraldsrud: Dæt læses mæd Æ. En komparativ undersøkelse av norsk og dansk danna talemål 1750–1850. Masteroppgåve i nordisk språkvitskap. Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo 2012

Jan Terje Faarlund, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo: Norsk referansegrammatikk. Oslo 1997

Arne Garborg: Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse. Et Forsøg paa en omfattende Redegjørelse, formet som polemiske Sendebreve til Modstræverne. Kristiania 1877

Einar Haugen: Riksspråk og folkemål. Norsk språkpolitikk i det 20. århundre. Oslo 1969

Oddmund Løkensgard Hoel: Mål og modernisering 1868–1940. (Norsk målreising II). Oslo 2011

Jens Johan Hyvik: Språk og nasjon 1738–1868. (Norsk målreising I). Oslo 2010

Jens Johan Hyvik: Tokulturlæra i norsk historie. Oslo 2016

Gustav Indrebø: Norsk målsoga. Bergen 2001

Knud Knudsen: Haandbog i dansk-norsk Sproglære. Kristiania 1856

Amund B. Larsen: Kristiania bymål. Vulgærsproget med henblik på den utvungne dagligtale. Kristiania 1907

Helge Sandøy og Agnete Nesse (red.): Norsk språkhistorie I–IV. Oslo 2016–2017

Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag av norsk språkhistorie. Oslo 2014

Ivar Aasen: Norsk Grammatik. Kristiania 1864

Ivar Aasen: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Kristiania 1873

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Først publisert: 05.10.2017
Sist oppdatert: 18.10.2017